27.05.2010

Levande reklame

I går hadde eg så ufattelig masse energi! Eg rydda til og med leiligheta. Ganske imponerande til å vere meg med tanke på at eg omtrent aldri orka det. Når eg skulle legge meg sleit eg med å sove på grunn av all energien og det er IKKJE ofte eg gjer med tanke på at eg har ett veldig godt sovehjerte.

Eeeellers åt eg herlig frukt i går! Blåbær og jordbær. Nammi!

OI! Tja.. Folk klaga når eg ikkje har med bilde av meg i innlegga mine, så null klaging no.

Fylte heile sofaen min med kle og sofaen min er ikkje akkurat liten. (Og la dei sammen etterpå)

No har eg ikkje fult like masse energi. Eg jobba til halv seks-seks. Ikkje så veldig masse lenger enn eg pleie, men dagen i dag har gått i ett. Begynte med litt jobb, så trening, så jobb igjen. Det er fult kjøyr på kontoret for tida. I morra er det kun ei veke til Sommarfest i Sunnfjord og like før turist sesongen begynner. I dag har vi bla pakka t-skjorte og billetta som næringslivet i Førde har bestilt. Så i morra går store dela av dagen min vekk til å kjøyre ut alt.

Når eg kom heim no i stad hadde en lastebil parkert seg på langs i oppkjørselen, så dei som er på besøk hos besteforeldra mine (som eg bur i kjellarleiligheten til) kjem seg ikkje ut. Way to go!

Ellers.. så kjem eg til å gå rundt som levande reklame den neste veka. Alle vi som er arrangøra kjem til å gå rundt med t-skjorter og forhåpentligvis en del av butikkane i Førde.

Såå har vi som er arrangøra fått jakke å gå med, men den skal vare i fleire år.

Håper alle som leser bloggen min kjem på Sommarfest i Sunnfjord. Kjem du?

5 kommentarer:

  1. Ååå, hadde skikkelig lyst på den U18 tingen, men økonomien streika.. :( Hadde garantert vert kjempekjekt å vore der, får heller håpe det blir same tilbud neste år! :)

    SvarSlett
  2. I'LL BE THERE! :D

    SvarSlett
  3. @Marit: Det lika vii!
    @Astrid: DET lika vi IKKJE! Fyfy ;) Det er kampanje billetta til Sommarfest U18 ute no. Søk på facebook!
    @Heriette: Lika det!
    @Anders: Lika deeet :)

    SvarSlett